ØDEGÅRD AS starta med mannsbunad i 1985 i samarbeid med Solhjell i Molde. No har me ca 35 mannsbunad frå ulike distrikt. I 2005 starta me med damebunad frå Hallingdal og leverar no festbunad, rukkastakk, helgestakk, grønn stakk, blå stakk og kvardagstakk.
Måltakingar og bestilling kan skje i butikken på Ål (Sundrebygget) eller i utstillingsrommet i Oslo (Valhallveien 67) etter avtale. Utlevering av bunaden skjer frå Ål sjølv om den har vorte målteke i Oslo.
NY NETTSIDE - For handel av bunadsutstyr på nett:

Egen nettside for hallingbunad: www.hallingbunad.no
ÅPNINGSTIDER I BUTIKKEN PÅ ÅL: MAN-FRE 10 -17 LØR 10 -14
Har du nokon spørsmål så kontakt oss på e-mail bunaden@online.no eller tlf 32 08 20 82.
Med helsing
ØDEGÅRD A.S. 3570 ÅL
 Grønnstakk, blåstakk og helgjistakk (fremst på sidene), rukkastakk og festbunad (bak i midten) for damer. Helgjikledu og fiskekjelke (bak i midten), samt korttrøye (fremst til venstre) for karar. Samtlige er frå Hallingdal.
 Både rukkastakk og fiskekjelke har sitt utspring frå 1700-talet. Rukkastakken kan leverast i mange ulike overliv og fleire ulike border nede på stakken. Fiskekjelken vart brukt i Hallingdal, samt i Krødsherad, Sigdal, Eggedal og utover mot Modum. Den raude vesten var til festhøgtid, men svart vest vart også nytta.
 Fiskekjelke med raud vest.
 Korttrøye fra Hallingdal med lang- og knebukse.
 Helgjikledu og fiskekjelke.
 Brudgomsbunad frå Hallingdal og Valdres.
 Valdresbunad med lang- og knebukse.
|